Ber Kongressen stoppa patenttroll

Ber Kongressen stoppa patenttroll

Amerikanske styresmakter bør gripa inn for å få bukt med patenttvistar, ifølgje bransjen.

– Kongressen må stoppa dei såkalla patenttrolla som drenerer ressursar frå selskapa og bremsar tilsetjingar og forskning, uttalte ei gruppe teknologiselskap torsdag.

Representantar frå Cisco Systems, SAS og Adobe Systems ba lovgivarar om ei ny lov som hindrar at dei blir saksøkte basert på påståtte brot på patentar.

- Business-terroristar

Såkalla patenttroll står bak søksmåla, og er ifølgje kritikarar ikkje ein del av industrien for å produsera eller selja produkt, men for å saksøkja eller lisensiera patentar dei har kjøpt.

- Patenttrolla er business-terroristar, seier John Boswell, administrerande direktør i SAS, i kongresshøyringa.

- Våpna deira er patentar med uklåre grenser ein kan hevda passar mange ulike produkt, mange ulike selskap, på mange ulike måtar.

Kostbart

Ifølgje administrerande direktør i J.C. Penney, Janet Dhillon, kan det kosta rundt 3 millionar dollar å forsvara ein patent i retten. For fire år sidan var selskapet ikkje involverte i nokon patent-rettssaker, men sidan den gongen har J.C. Penney måtta forsvara seg i over 25 saker, mange relatert til teknologi som ifølgje direktøren ”ikkje har noko med det me sel”.

Saving High-Tech Innovators from Egregious Legal Disputes (SHIELD) Act skal tvinga tapande part til å betala forsvarande part sine rettskostnader.