Bli sett på nett

- Korleis laga tenester som er synlege for søkemotorane? Dei færraste vil setja opp ein butikk langt utanfor allfarveg og rekna med stor tilstrøyming av kundar. Dette er likevel ikkje uvanleg på internett og mange forsvinn i den grå, usynlege massen.
Det er fleire måtar å bli synleg på internett, men artikkelen handlar om det vi meiner er den viktigaste; å bli funnen via ein søkemotor. Arbeidet med å bli synleg på nettet bør helst starta saman med planlegging av tenesta. Struktur og design av ei vevteneste har avgjerande verknad for kor synleg den blir.

Søketenester er ulike, men dei har viktige fellestrekk. Hovudfunksjonane til vanlege søkemotorar er indeksering (søkerobotar som trålar nettet og samlar informasjon), strukturering og vektlegging av informasjon og til slutt presentasjon.

Tekst, tekst, tekst

Felles for alle søkerobotar er at dei livnærer seg av tekst og berre det. Mest interessant er primærteksten; den teksten som også er synleg for oss menneske. Dersom tenesta har lite primærtekst, vil du ha store problem med å bli synleg gjennom ein søkemotor. Den enklaste måten å sjekka dette på, er å markera teksten på heimesida (Ctrl-A), kopiera og lima inn i ein teksteditor. Det som kjem fram der, er det søkeroboten ser av sida di og som blir definert som primærtekst.

Sekundærtekst, dvs. tekst i html-koden som ikkje er synleg på nettet (metadata, ALT-tekst osv.), er viktig, men mindre viktig enn primærteksten. Bruk av sekundærtekst rettar altså ikkje opp skaden ved manglande primærtekst.

Nøkkelord

Definering av nøkkelord/nøkkelfrasar er også ein viktig del av planlegginga. Nøkkelord er dei orda vi vil bli funne på ved søk. Så må det arbeidast målbevisst både med primær- og sekundærtekst for å sikra at frasane blir brukte rett. Her er TITTEL-elementet svært viktig; også for korleis treffet blir presentert i søkemotoren.

God design kan kombinerast med å vera godt synleg, det er mest av alt eit spørsmål om kunnskap og prioritering. Det er såleis ikkje eit spørsmål om enten avanserte løysingar eller godt synlege sider.

Søkemotorar har problem med dynamisk genererte sider der det blir generert html-kode på sparket, oftast ut frå ein database. Søkerobotar kan indeksera slike tenester, men dei vil helst ikkje. Faren for at roboten går seg vill i strukturen er overhengande og det er også problem med duplisering av informasjon. Lettare administrasjon er eit av hovud-argumenta for dynamiske sider. Men då blandar ein saman to ting som bør skiljast: administrasjonssystemet og presentasjonssystemet for vev-tenesta.

Spesialiserte tenester

Tenester og program for å betra synleggjering av vevtenester er i kraftig vekst. Slike program opererer ofte i grenseland for misbruk [spam], til dømes gjennom spesialiserte sider som "doorways" og "cloaking". Dette er i høgst grad risikabelt fordi grensa mot kva som blir oppfatta som misbruk av systemet er hårfin. Å bli teken for misbruk av søkemotorane er alvorleg og kan føra til utestenging.

Trenden blant søketenestene er at det i større grad kostar å vera synleg. Dei fleste større søketenester har introdusert betalingsprogram (paid inclusion). Men slike program garanterer berre indeksering til avtalte intervall, ikkje at du blir lettare synleg. Det finst også betalings-ordningar for nøkkelord, annonsar og liknande.

Likevel er det mykje kvar enkelt kan gjera på eiga hand og som ikkje kostar anna enn eigeninnsats.