Tilgje dei ikkje, dei veit kva dei gjer

Måndag stemte heile Stortinget for å tillate blokkering av nettsider og privat innsamling av IP-adresser. Ja, med unnatak av vesle, liberale Venstre, då.

Publisert Sist oppdatert

Endringane i åndsverksloven som passerte Stortinget måndag ettermiddag, fører mellom anna med seg at nettsider som krenkjer opphavsretten skal kunne blokkerast, og at private aktørar (som eit plateselskap) skal kunne samle inn IP-adresser for å rettsforfølgje fildelarar. Endringane har til føremål å «styrke rettighetshavernes muligheter for håndheving av sine rettigheter ved krenkelser på Internett».

Kvar gong ny teknologi har utfordra eksisterande forretningsmodellar, har krava kome frå private næringsinteresser om at politikarane må ta grep for å verne det beståande. Både grammofonplata, kassetten, VHS-en og no Internett har blitt møtt med søksmål og dommedagsprofetiar.

Og kvar gong ny teknologi har dukka opp og skapt utfordringar, har det blitt utvikla nye og betre forretningsmodellar.

Ikkje fordi Stortinget har vedteke dei, men fordi den frie marknaden har tvunge dei fram. Dette er ein dynamikk som både raude og blå sosialdemokratar tradisjonelt har hatt svak forståing for.

Heilt sidan MP3-fila gjorde sitt inntog, har det vore ein kontinuerleg politisk debatt om korleis ein skal kunne ta knekken på den ulovlege fildelinga. Alt frå omfattande rettsforfølgjing av 16-åringar til massiv overvaking av Internett har vore oppe til diskusjon. Heldigvis er vårt politiske system konstruert slik at endringar tek tid, og særleg endringar som balanserer på kanten av grunnleggjande rettsprinsipp som personvernet og uskuldspresumsjonen.

Marknaden, derimot, har ikkje tid til å vente. Difor forstod omsider platebransjen at den beste måten å konkurrere med Internett ikkje var å sende politi inn på guterom og kjellarstover, men å tilby produkta sine på ein måte som er enklare, betre og tryggare enn The Pirate Bay. Tenester som Spotify og Wimp har brøyta veg, og streamining-tilbodet vert stadig betre.

Dei siste åra har vi sett ein nedgong i ulovleg nedlasting, og i første halvår i 2012 kom 68 prosent av inntektene til den norske platebransjen frå streaming. Filmbransjen er i ferd med å gå gjennom den same prosessen no, og tenester som Netflix, HBO Nordic og Viaplay er berre starten på den nye mediekvardagen.

Forslaget frå den raudgrøne regjeringa, som no har fått velsigning frå Høgre, KrF og Frp, er i beste fall eit dårleg svar på utfordringane ein hadde i 2008. Men det er eit elendig svar på røyndomen i 2013.

Å tillate private næringsinteresser å samle inn IP-adresser er uheldig på mange måtar. For det første fordi ei IP-adresse ikkje nødvendigvis kan knytast til den som faktisk har brote opphavsretten. Men langt viktigare: Fordi det betyr ei delegering av myndigheit frå politiet til plateselskap.

Å pålegge internettilbydarar å blokkere nettstadar som bryt opphavsretten er også prinsipielt problematisk, og vil i praksis ikkje løyse noko som helst. Men det opnar for ein tankegong som fort kan gli ut, og som på sikt kan misbrukast til langt meir alvorlege ting enn å sikre botnlinja til Time Warner.

Venstre er for at opphavsretten til kunstnarar skal ha eit vern mot kommersiell utnytting frå andre. Men det går nokre viktige rettsstatlege grenser for kva vi kan tillate av overvaking og inngripande virkemiddel for å løyse ei utfordring som uansett aldri kan løysast fullt og heilt av politikarar.

Vi må våge å ha nok is i magen til å la marknaden tilpasse seg dagens medielandskap, og til å la kulturaktørane finne fram til forretningsmodellar som er berekraftige.

Forbrukarane ønskjer digitalt innhald som kan nytast når dei sjølve ønskjer det, på den plattformen dei sjølve ønskjer. Då må kulturindustrien klare å tilby dette. Så enkelt – og så vanskeleg.

Difor stemte Venstre mot endringane i åndsverksloven på måndag.

Diverre har vi for få stortingsrepresentantar til å hindre lovendringane i denne omgong.

Men den 9. september har veljarane sjølve sjansen til å seie kva dei meiner om ein medie- og kulturpolitikk som er tilpassa gårsdagens utfordringar, ikkje morgondagens moglegheiter.

Av Sveinung Rotevatn, Venstre