Eksplosivt overskot for Opera

Eksplosivt overskot for Opera

Håva inn 216 millionar dollar og nådde 300 millionar brukarar.

Opera kan heisa profttflagget til topps, viser tala frå 2012.

Nettlesaren har fått meir enn 200 millionar brukarar og har signert avtalar med meir enn 100 mobiloperatørar sidan 2010, som Telenor og Vodafone. Dermed har Opera no meir enn 300 millionar aktive brukarar, der 230 millionar er mobilbrukarar. 55 millionar brukar Opera på pc og 20 millionar brukar nettlesaren på einingar som smartfjernsyn.

Mot slutten av 2012 hadde selskapet eit overskot på 80 millionar dollar i reklameinntekter, frå 0 i 2009. Utgiftene minka med 36 prosent i same periode. Men profitten etter skatt var 17 millionar dollar i 2012, mot 25 året før.

– Ein gong var Opera berre eit nettlesarselskap, men i 2010 byrja me prosessen med å omkalfatra oss til eit internettselskap for mobilkundar, skriv admininstrerande direktør Lars Boilesen i rapporten.

– 2012 var eit fantastisk år for Opera Software. Rekordhøge resultat og imponserande brukarvekst viser at planen me la i 2010, og gjennomførte dei neste tre åra, har vore ein suksess, skriv Boilesen.

Les om:

Enterprise