It må bli grønnere og smartere

It må bli grønnere og smartere

KRONIKK: It-utstyr står bak like store klimagassutslipp som flytrafikken.

I desember kjem verdas leiarar saman til eit svært viktig toppmøte, FNs klimatoppmøte i København. Klimakrisa er den største utfordringa i vår tid, og som politikarar må vi gjere det som står i vår makt for å redusere klimautslepp.

Vi må verne regnskog, vi må utvikle CO2-reinsing og vi må redusere energibruk i offentlege bygg. Samstundes må vi òg sjå på dei sektorane som kanskje ikkje oftast vert sett i samanheng med klimautslepp.

Mange vil nok nemne utsleppskjelder som flytrafikk, oljeutvinning og kolkraftverk dersom dei vart spurde om kvar klimagassutsleppa i verda kjem frå. Men kor mange veit at produksjon og bruk av ikt-utstyr står bak like stor prosentdel av verdas klimagassutslepp som flytrafikken, nemleg to prosent. Derfor må vi òg kutte i utsleppa frå ikt. Vi må kjøpe meir energigjerrig utstyr og sjå på løysingar som grøne datasenter.

2 prosent av utslippene

Vi må samstundes sjå på dei 98 prosent av utsleppa som ikkje stammar frå ikt, og korleis smart bruk av ikt kan redusere desse utsleppa. Det kan til dømes vere gjennom bruk av videokonferansar og elektroniske møte, slik at det vert kutta ned på flyreiser. Det kan vere gjennom å bruke ikt til å få transportsektoren meir klimavennleg, det kan vere bruk av intelligente bygg og intelligente elektrisitetsnett. Klimateknologi er ikkje berre reinseteknologi for gasskraftverk, det kan òg vere programvare som gjer at vi kan opptre smartare og sleppe ut mindre klimagassar.

I juni kom IKT-Norge med rapporten "Sky og fjordane", der vi støtta arbeidet med 300.000 kroner. Her ser vi store moglegheiter for korleis offentleg sektor kan redusere energitrongen sin ved å i større grad samordne serverparkar og bruke nettskya. Vi er i ferd med å vurdere tilrådingane i rapporten og sjå korleis vi kan følgje opp

I Noreg har vi mange nedlagde og tomme industrihallar, gruver og fjellhallar, vi har rein og billig energi, kaldt klima, stabilt politisk og økonomisk regime og god infrastruktur. Kan grøne datasenter i Noreg både medverke til å hjelpe miljøet og samstundes verte ei framtidig vekstnæring? Vi ønskjer i alle fall å bidra til ei slik utvikling.

Miljøfyrtårnsertifisert datasenter

Det er ikkje mange vekene sidan Ikomm opna det første miljøfyrtårnsertifiserte grøne datasenteret i landet i Lillehammer. Her har dei bora djupe hol i grunnen og nyttar grunnvatnet til kjøling av serverrommet. Energitrongen for kjøling er derfor berre ein brøkdel av kva mange tradisjonelle serverrom krev. LocalHost AS i Måløy har eit tilsvarande prosjekt, der dei bruker sjøvatnet til kjøling. Dei ser òg på moglegheita for å bruke ei nedlagd gruve til eit grønt datasenter. Vi støttar FoU-delen av dette prosjektet med ein halv million for å sjå om dette er erfaringar vi kan bruke andre stader òg.

Vi samarbeider nært med IKT-Norge, Abelia og fleire enkeltaktørar i ikt-bransjen om grøn ikt. Vi skal halde fram med dette samarbeidet. Bransjen har vore svært konstruktiv. IKT-Norge har bedt oss stille strengare krav til energiforbruk og utslepp. Det ønskjer eg å følgje opp. For dei av dykk som i dag leverer utstyr til offentleg sektor, er det berre å førebu seg på strengare krav først som sist! Om du er tidleg ute vil det kunne bli ein konkurransefordel. Klimakrisa er ei formidabel utfordring, men den gir òg moglegheiter for næringsutvikling, kanskje særleg for ikt-næringa. Vi tar den utfordringa i lag!

Heidi Grande Røys, FAD

Les om: