Når storebror veit alt

Når storebror veit alt

KRONIKK: Jakta på kriminelle storfiskar kan ikkje innebere at vi alle sprellar i nettet.

I Noreg har vi reglar om maskevidda i fiskegarn – vi fiskar ikkje torsk med reketrål. Det gir bifangst vi ikkje ønskjer. Slik er det med personvern òg.

Personvern er vanlegvis ikkje noko heitt tema i valkampen. Men i år kan verte annleisåret. Personvern får stadig meir merksemd. Og ikkje utan grunn, for det er under aukande press. Fleire kamera som filmar oss i dei daglege gjeremåla våre, elektroniske bomringar som registrerer kvar vi køyrer, elektroniske billettsystem i kollektivtrafikken som veit kvar og når vi reiser, og ikkje minst teletilbydarane som veit når og kven vi ringjer eller sendar e-post til, og ikkje minst kvar vi er når vi gjer det. Moglegheitene for dei som vil samle informasjon og danne profilar er mange - og aukande.

- Noe å skjule?

Det gjer da ikkje noko at vi vert registrert så lenge vi ikkje har noko å skjule, høyrer eg ofte. Men er det ikkje litt ubehageleg å vite at vilt framande samlar informasjon om kvar du var på eit gitt tidpunkt, og kva du gjorde der, når denne framande eigentleg ikkje har nokon særskild grunn til å ha denne kunnskapen? Han har berre samla den fordi den kan verte nyttig ein dag. Slik er det òg med datalagringsdirektivet.

Implementering av EUs datalagringsdirektiv inneber at statane som er bundne av direktivet skal vedta reglar som pålegg teletilbydarane å lagre opplysningar om alle telefonsamtalar vi ringjer og all e-post vi sender i lang tid framover. Ikkje fordi staten veit at den vil få bruk for opplysningane. Nei, snarare fordi ein ikkje sikkert kan seie at ein ikkje vil få bruk for opplysningane. Tanken er at den dagen vi står overfor ei kriminell handling, skal det ikkje vere mangel på personopplysningar som hindrar oppklaring av hendinga.

Det vert litt som å fiske torsk med reketrål. Det er ikkje umogleg at du får stortorsk, men du får òg ein stor bifangst. Les videre på neste side!

Les om: