Ild i sjelen – svette i panna

Ild i sjelen – svette i panna

DND: Ein skal ha tunga beint i munnen skal ein være ildsjel.

Av Gautam Ghosh, Seniorrådgiver, Skatteetatens It- og servicepartner (SITS) og styremedlem i Faggruppe BITS

Eg har ikkje planlagt å være ein ildsjel. Eg veit ikkje ein gang om det er ild i sjela mi. Men eg må være ein ildsjel fordi eg blei tildelt ildsjelprisen på landsmøtet i Dataforeininga nokre år tilbake. Då blei eg merksam på at eg stiller i ein eigen kategori av mennesker; dei som brenn for noko.

Eg brenn for menneske-maskin interaksjon. MMI. Human-Computer Interaction. Er det noko å brenne for, seier du. Det høyrast tørt og kjedeleg ut. Og frykteleg akademisk. Ein brenn for gode saker: redde barn, sørge for reint drikkevatn, eller for politikk. Politiske endringar. Og det er akkurat det eg gjer. Eg har blitt overbevist om at brukervennlighet er viktig. Eg har satsa heile min karriere på det. Så eg er hellig overbevist og har lyst at andre skal tru på det same som meg. Eg vil at dei skal gjere noko meir enn å nikke når brukervennlighet diskuteres. Så mine mål er ikkje ulik dei politiske aktørane sine; eg vil at folk skal endre haldninga si til brukervennlighet.

Derfor blei eg ein ildsjel.

Men ein skal ha tunga beint i munnen skal ein være ildsjel. Da Datakortet blei lansert av Dataforeninga, var eg kritisk. Bransjen vår ga blaffen i brukervennlighet og satsa heller på å påtvinge brukere dyre sertifiseringer. I den øvrige verda må du vanlegvis sertifiserast dersom du skal gjere noko som kan være farleg. Og for meg er verken tastatur, mus eller skjerm farlege. Dessutan meinte eg at ein profesjonsforeining for IT burde fokusere på å gjere profesjonen betre gjennom medlemmane, ikkje brukarane. Så når eg møtte døve øyrer i Dataforeininga, skreiv eg eit kritisk innlegg i Computerworld. Svært kritisk.

Det gjekk ikkje mange dagar før leiaren for Dataforeininga Østlandet kalla meg inn på teppet og ba meg om å trekke meg frå Dataforeininga. Mange distriktsleiarar seinare er eg fortsatt her. Det er også Datakortet. Forhåpentlegvis har Apple og Google lykkes med det som eg ikkje klarte; nemleg å forvise dei sertifiseringskåte til IT-evolusjonens mørkerom.

Det var på det tidspunktet eg skjønte at Dataforeininga er ikkje nokon politisk parti der partipisken kan svinges for å stilne kritiske stemmer eller utvise medlemmar. Det er ei fagleg foreining der eg kan lytte til, utfordre, lære av og dele med andre fagfolk. Meiningsbrytningar er ein del av spelet og det er det som gjer Dataforeininga spennande for meg.

Ildsjeler kan brenne ut. Etter nokre år med intensiv aktivitet beslutta faggruppa mi å ta eit kvileår. Vi permitterte oss sjølve og fant ut at vi skulle dyrke faget vårt utan seminarer, medlemsmøter og konferansar. I eit år møttes faggruppas styre ein gong i månaden til ein slags studiering. Når det var min tur, presenterte eg Turboprototyping, eit tema som stod hjartet mitt nært. Så diskuterte vi det i fellesskap over bordet. Ingen krav til høgtidlege PowerPoints, ingen kostnader for Dataforeininga og svært lite administrasjon. Året etter var både eg og dei andre klar til å ta opp våre verv igjen, fulle av energi og idéar.

Eg var med på å arrangere Yggdrasil-konferansen i 2008. Nokon i programkomitéen viste videoopptak frå ein annan konferanse som hadde lagt ut alle foredrag på nett. Eg tente på idéen og fekk programkomitéen med på at vi skulle prøve å gjere det same. Etter mykje leiting på nett, e-postar og telefonar til andre som hadde gjort liknande, valgte vi eit firma i Boston til jobben. Dei kom med alt utstyr og 3 proffe videofolk til å ta opp både talarane og presentasjonane. Det kosta mykje, men vi hadde dekning for tiltaket i konferansebudsjettet. Alle foredrag og tutorials blei behørig tatt opp på video og levert til foreiningas servicekontor rett etter konferansen. Uheldigvis var verken organisasjonen eller maskinparken moden nok til å legge ut fagvideoane da. Historia gjentok seg i 2009.

Men så, nokre månader sidan, oppdaga eg at ei eigen side for video var oppretta på Dataforeiningas nettstad og alle Yggdrasil videoar var lagt ut. Oppgradert maskinpark og stå-på-vilje hos medarbeidere på Servicekontoret hadde gjort susen. Så no kan du få med deg rundt 30 gode foredrag om brukaropplevelse frå Yggdrasil-konferansane. Heilt gratis. Det nyttar å tenkje nytt, det tek berre litt tid å få alt på plass. Og på Software2012 var alle foredrag streamet. Wow!

For at Dataforeininga ikkje skal bli forgubba, må vi verkeleg tenkje nytt. Personleg vil eg fortsatt møte andre fagfolk ansikt-til-ansikt for å lytte til dei, utveksle tankar, utfordre og berømme dei. Og le saman. Difor vil eg ikkje at Dataforeininga skal døy. Difor trur eg at vi må utfordre alle sider av foreininga for å gjere den betre. Vi må rett og slett riste organisasjonen og la nye og gamle krefter forme den på ny. Men skal vi gjere nye ting må vi faktisk våge å feile ein gong i blant. Vi må våge å gå på eit skikkeleg smell. Ein ildsjel har tross alt ikkje alltid rett, berre ild i sjela.