Vann helseteknologisk utfordring

"Digidag" vann onsdag Haukeland universitetssjukehus sin teknologikonkurranse. Sjå kva dei vann!

Publisert Sist oppdatert

Tre grupper frå dugnaden Bergen Health Challenge førre helg presenterte ideane sine for 250 deltakarar på konferansen KlinIKT i Bergen i dag onsdag.

Det beste resultatet kjem frå samarbeidet mellom profesjonelle og brukarar, trur Jarle Strømmen, prosjektleiar ved Seksjon for e-helse på Forskings,- og utviklingsavdelinga ved Helse Bergen.

Lagde prototypar på to døgn

Under Bergen Health Challenge fekk utviklarar, forretningsutviklarar, pasientar, pårørande og helsepersonell i oppgåve å utvikla løysingar for psykisk sjuke. Landsforeningen for pårørande til psykisk syke og Mental helse representerte brukarane i utfordringa, som var å laga eit produkt innan 48 timar. Etter at pasientar fredag la fram behovet, kunne ideane myldra.

– Ved å setja saman dei rette folka, aukar kvaliteten automatisk. Me har ikkje vore flinke til å ta med brukarane, seier prosjektleiar Strømmen.

Ting tar for mykje tid

– Det handlar også om å visa at det er muleg å utvikla nye løysingar ganske raskt. Me hadde ferdige produkt etter 48 timar. Ei psykologisk førstehjelpsbok blei digitalisert på ei helg, og den ser bra ut også, seier Strømmen.

– Opplever du at den teknologiske utviklinga i helsesektoren går seint?

– Det er ikkje noko eg opplever, men fakta dei fleste kan vera samde om. Ting tar tid i Helse-Noreg, og det kan me utfordrast på. Me kan ikkje berre tru at det går seint, og så går det seint. Bergen Health Challenge viser at det er muleg å gjera ting raskare, og samstundes ivareta både personvern og arkitektur.

Utviklarane bak "Digidag" får 10.000 kroner, to månaders betalt kontorplass og konsulenthjelp frå PwC.

Fakta: Dei tre finalistane frå Bergen Health Challenge

  • Telefon- og webløysing: «Digidag», ein digital dagbok der pasientar med psykiske lidingar kan lage planer for kvardagen, for å bidra til betre kontroll over sitt eige liv.
  • Telefon- og webløysing: «Min psykologiske reise», kor ein kan leggja inn opplevingar gjennom livet, både plager, problem og medikament. På den måten kan det vera enklare å forklara situasjonen til ny behandlar.
  • App og ebok: Å digitalisera «Psykologisk førstehjelpsskrin» av psykologspesialist Solfrid Raknes.