Frå yrkesfag til bachelorgrad

Kristin Halvorsen vil gi yrkesskule-elevane ein snarveg til høgare utdanning.

Publisert Sist oppdatert

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen (SV) vil utvida ordninga der elevar med fagbrev kan søkja på ingeniørutdanning, utan eit tredje påbyggingsår. Fleire høgskular i landet har alllereie innført ordninga, kalla y-vegen. Men reaksjonane er blanda.

– Me er i dialog med bransjane og lærarar om korleis me skal gjera det på en best muleg måte, seier Halvorsen til Teknisk Ukeblad.

– Fungerer godt

Høgskolen i Gjøvik har hatt y-veg-ordning sidan 2008. Fråfallet minka då høgskolen gjekk bort frå sommarkurs i forkant av studia, og laga eit alternativ opplegg fordelt over heile det første året. Resultatet er eit ekstra tøft førsteår for yrkesfagstudentane med mykje å ta igjen innan realfag, i tillegg til tung teori.

– Me hjelper dei opp på same nivå som andre studentar, seier høgskulelektor for datafag ved Høgskolen i Gjøvik, Frode Haug.

– Det fungerer utvilsamt svært godt å spreia faga ut over skuleåret, før studentane følgjer eit normalt løp.

– Perfekte kandidatar for rekruttering

Konsulentselskapet Steria har rekruttert mange nyutdanna frå Høgskolen i Gjølvik. Kandidatar med yrkesretta bakgrunn og ingeniørutdanning er svært attraktive, ifølgje rekrutteringsansvarleg, Christina Ohr, som særleg hentar studentar med it-bachelor i drift til infrastrukturavdelinga i Steria.

Det er sjølvsagt den to-årige praksisen som gjer susen.

– Desse studentane har god kompetanse og mykje relevant erfaring, sidan dei allereie har vore ute i arbeidslivet. Det er ein perfekt kombinasjon for oss, seier Ohr.

Utdanningsforbundet: – Heng ikkje saman

Utdanningsforbundet er ikkje nøgde med ordninga.

– Me er opptatt av kvalitet og innhald i dei studieførebuande utdanningane -- og at alle som byrjar høgare utdanning skal vera studieforebudde. Derfor heng det ikkje saman når regjeringa nå opnar for at elevar med fagbrev kan byrja rett i studium på høgskular og universitet, seier leiar Ragnhild Lied, som elles er positiv til mange av forslaga i stortingsmeldinga.

Fakta: Y-vegen

  • Studentar med fagbrev innan IKT, byggfag, elektro, flyteknikk eller industriell produksjon kan komma rett inn på ingeniørstudium. Manglande fag kan takast via forkurs og undervegs i studia.
  • Utanom ingeniørfag gjeld ordninga også sjukepleie, landbruk, maritim industri og havbruk.
  • Y-vegen finst allereie på mange studiestader. Høgskolen i Telemark og Høgskolen i Gjøvik tilbyr IKT-utdanning via y-vegen.
  • Kunnskapsdepartementet la fredag fram stortingsmelding nr. 20 «På rett vei. Kvalitet og mangfold i fellesskolen», som varslar omlegging i skulestrukturen.

Kjelde: Teknisk Ukeblad og Utdanningsforbundet