Alle politibilar skal ha nettbrett

Alle politibilar skal ha nettbrett

Justisminister Grete Faremo vil utstyra alle politibilar med nettbrett. Pris: 10 millionar kroner.

– Nettbrettet er ikkje svaret på ein IKT-situasjon me skulle ønskja var annleis. Men dette er ein del av ei rekkje IKT-tiltak. Nettbretta gir direkte tilgang til systema politiet har og kan bidra sterkt til god oppgåveløysing ute, sa justis- og beredskapsminister Grete Faremo på ein pressekonferanse onsdag.

LES OGSÅ:

Ipad mot terror?

22. juli-kommisjonen har i sin rapport påpeikt at den einskilde patruljen må få tilgang til teknologi for skriftleg og visuell informasjonsutveksling og opplæring i systema. Gjennom nye mobile løysingar vil politiet få heilt nye forutsetningar, ifølgje Justisdepartementet si stortingsmelding om terrorberedskap som blei lagt fram i dag onsdag.

Justisdepartementet skriv i stortingsmeldinga at politiet «på sikt» vil kunna få tilgang til skreddersydde tenester via smarttelefon, nettbrett og pc i alle utrykningskjøretøy. Politiet vil dermed kunna gjera opptak av video og lyd, beslaglegging og registrering av spor, fingeravtrykk og bilete, og søkja fingeravtrykk og bilete på staden.

Bakgrunn: Beredskap etter 22. juli

  • 22. juli-kommisjonen har tidlegare påpeikt mangel på nødvendig teknologi i politiet.
  • Justis- og beredskapsminister Grete Faremo og statsminister Jens Stoltenberg gjorde i dag onsdag greie for Stortinget om oppfølginga av 22. juli-rapporten sin kritikk av manglar i terrorberedskap.
  • Regjeringa skal bruka 109 millionar kroner til nasjonal beredskap.
  • Blant anna skal alle politibilar utrustast med nettbrett for å gi direkte tilgang til politiet sine system.

Les om:

Offentlig Sektor