Alle skal få 2 Mbit/s

Alle skal få 2 Mbit/s

Fornyingsminister Rigmor Aasrud skal byggja landet med breiband.

270.000 nordmenn er ikkje på nett. Regjeringa har ambisjonar om å halvera talet innan fem år. Fredag la fornyingsminster Rigmor Aasrud fram regjeringa sin breibandspolitikk dei neste åra, som del av stortingsmeldinga "Digital agenda i Norge". 98 prosent av landet skal dekkjast og kapasiteten skal vera minimum 2 Mbit/s i løpet av fem år. Aaasrud ønskjer konkurranse mellom leverandørar for best muleg kapasitet.

LES OGSÅ:

It-bransjen utfordra Aasrud

– Me skal vera leiande i Europa når det gjeld breibandsutrulling. Me vil at alle husstandar skal ha eit tilbud om grunnleggjande kapasitetar og me veit at i dag er det 99,8 prosent som har mulighet breiband på 2 Mbit/s. 97 prosent kan få 4, dersom me reknar med satelittmuligheitene.

– Satelitt er bra nok

– Så vil nokon spørja om det er bra nok. Dei som har greie på det, meiner at satellitt nå er eit ok tilbud, at det er bra nok kvalitet.

– 2 og 4 Mbs er ikkje mykje, vil nokon seia. Nei, og heldigvis er det slik at dei langt fleste kan få raskare tempo. To av tre norske husstandar kan få 30 Mbit/s, sa Aasrud.

– 30 Mbs vil vera tilstrekkjeleg for dei alle fleste. Problemet er at det er så få som abonnerer på så raskt breiband. Det er eit tankekors. Generelt abonnerer folk på langt lågare tempo enn det som er muleg.

– Marknaden skal styra

Breibandsutbygginga skal ifølgje ministeren vera marknadsprega.

– Breibandstilbudet og brukarar skal bestemma takten i utbygginga. Det vil ikkje vera politikarar som bestemmer kva som er fornuftig. Det må marknaden bestemma. Så skal me bidra til at kostnadene blir lågast muleg.

– Følg utviklinga

Det er viktig å sjå langt fram. Det er ikkje lenge sidan det var mykje med 2 Mbit/s. Kundane våre er viljuge til å betala for 100, 400 eller kanskje snart giga, responderte Toril Nag frå Lyse.

– Det er ingen tvil om at bruken av skytenester kjem til å endra bruken av nettet, fordi trafikken blir meir avansert. Dersom me ikkje ser litt langt fram og ser kor fort den utviklinga vil gå, trur eg me underbyggjer digital infrastruktur, sa Nag.

Fakta: Digital agenda

  • Fornyingsminister Rigmor Aasrud la fredag fram stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge». Sist IKT-stortingsmelding kom i 2006.
  • Stortingsmeldinga er inspirert av EU sin digitale agenda for Europa.
  • Ifølgje ei nederlandsk studie kan 50 prosent av produktivitetsveksten i EU tilskrivast bruk av IKT og internett.
  • Dersom ein anslår at dette utgjer 10 prosent av brutto nasjonalprodukt i Noreg, utgjer dette ifølgje ministeren 17 milliardar kroner i 2011.
  • IKT-bransjen, ved Anita K. Traaseth (HP), Jan Grønbech (Google), Gaute Engbakk (Creuna), Toril Nag (Lyse) og Halvor Walla (Software Innovation), kommenterte presentasjonen i etterkant.

Les om:

Offentlig Sektor