It-bransjen utfordra Aasrud

It-bransjen utfordra Aasrud

Bransjen opplauderte og utfordra fornyingsminister Rigmor Aasrud sin presentasjon av "Digital agenda for Norge" fredag.

Verdiskaping per tilsett i norsk it-bransje er over ein million kronar, 50 prosent meir enn gjennomsnittet. Når det er 74.000 it-tilsette i Noreg, ser også fornyingsminister Rigmor Aasrud at it er ei viktig kjelde til vekst.

Dette fortalde ministeren på sin presentasjon av stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge» fredag. Agendaen drar dei store linjene i norsk breibandsutbyggjing, digital postkasse, skytenester i det offentlege og verdiskaping. Eit panel med leiande hovud innan bransjen kommenterte meldinga i etterkant – med både lovord og utfordringar dei neste åra.

Alle parti må med

– Endeleg er digitalisering på agendaen til politikarane, sa Anita Krohn Traaseth i HP, som uttrykte begeistring for det ho meinte var ein truverdig presentasjon frå Aasrud.

– IKT som næring må bli like populært for dykk politikarar som det å snakka om fisk og reiseliv og gardsbruk, for me er nemleg den næringa som veks og som er fundamentet for alle andre bransjar. Derfor må dette vera ei tverrpolitisk satsing og ikkje berre noko statsråden gjer åleine, sa Traaseth.

Kunsten å tiltrekkja investorar

Jan Grønbech frå Google hadde også tankar Noreg som it-land.

– Me er ikkje eit innovativt it-land, men me har alle forutsetningar for å bli det. Eg meiner at me ikkje bør setja oss eit mål om at me skal vera ganske gode, men me bør vera best på dette området, sa Grønbech.

Det meinte han vil tiltrekkja arbeidskraft og gjera at både norske og utanlandske investorar kan få augene opp for it-landet Noreg.

– Hugs at norske kundar er i særklasse, dei mest digitale i verda. Ingen har fleire smarttelefonar, ingen har større breibandsdekning.

På anbod med best tankegang

Gaute Engbakk frå Creuna hadde innvendingar mot korleis det offentlege legg ut på anbod.

– I dag er det veldig mykje struktur som skal vera ferdig før ein set det ut på anbod, og så konkurrerer leverandørane – for all del på kvalitet – men mykje på pris, sa Engbakk.

– Mi oppfordring er at ein i større grad fokuserer på effektmål som ein skal få ut av ei løysing og la leverandørane gjera de me er gode på, nemleg å komma med gode, innovative løysingar. Så kan me heller konkurrera på kven som har den beste tankegangen, sa Engbakk, noko han hausta applaus for frå salen.

Fakta: Digital agenda

  • Fornyingsminister Rigmor Aasrud la fredag fram stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge». Sist IKT-stortingsmelding kom i 2006.
  • Stortingsmeldinga er inspirert av EU sin digitale agenda for Europa.
  • Ifølgje ei nederlandsk studie kan 50 prosent av produktivitetsveksten i EU tilskrivast bruk av IKT og internett.
  • Dersom ein anslår at dette utgjer 10 prosent av brutto nasjonalprodukt i Noreg, utgjer dette ifølgje ministeren 17 milliardar kroner i 2011.
  • IKT-bransjen, ved Anita K. Traaseth (HP), Jan Grønbech (Google), Gaute Engbakk (Creuna), Toril Nag (Lyse) og Halvor Walla (Software Innovation), kommenterte presentasjonen i etterkant.
  • Les rapporten på Regjeringas websider.

Les om: