Støre omfamnar velferdsteknologi

Støre omfamnar velferdsteknologi

Regjeringa vil at velferdsteknologi skal bli ein integrert del av tilbodet i omsorgstenesta innan 2020. Brukaren skal stå i fokus.

– Det vil antakelegvis bli endå dyrare å ikkje gjera dei nødvendige investeringane, sa helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre på fredagens pressekonferanse.

Regjeringa omfamnar velferdsteknologi. Helsearbeidarar skal få opplæring. Velfedsteknologi skal inn i helseutdanninga. Stortingsmeldinga, som blei lagt fram i dag fredag, ser velferdsteknologien som naudsynt verktøy og ikkje noko upersonleg kaldt i rak motsetning til alle dei varme hendene.

– Teknologi treng ikkje vera kaldt, men noko som gjer det muleg å leva gode liv heime lenger enn ein elles kunne, seier statsråden.

I dei nærmaste åra skal felles opne standardar utviklast slik at bedriftene kan utvikla velferdsteknologiske produkt. Regjeringa ønskjer brukarperspektiv på innføring av velferdteknologi som skal gi brukarane høve til å meistra kvardagen, større tryggleik for pårørande og brukarar og auka høve til deltaking og kommunikasjon med samfunnet rundt. I første omgang blir tryggleiksalarmen bytta ut med ein tryggleikspakke.

– Norsk næringsliv, teknologar og forskarar ser store muligheiter med å gå inn i dette, og me som styresmakter må laga programma og standardar som gir inspirasjon og rettleiing i korleis dei skal jobba, seier Støre.

Skal setja standardar

– De me kan bidra med, er å setja standardar – og det er også det næringslivet etterspør, sa Støre.

– Korleis har regjeringa tenkt å sikra rekruttering til it-bransjen, gjerne med spisskompetanse på velferdsteknologi?

– Eg tenkjer det at unge menneske vel kva dei vil utdanna seg til – styresmaktene vel ikkje for dei. Men dei vel også ut ifrå kva slags høve som finst for jobb framover. Eg har vore i kontakt med teknologibedrifter, Abelia, organisasjonar, NITO, ingeniørar, som ser på dette som eit kjempespennande område, seier Støre.

– Me ser allereie ei gryande interesse for dei blant studentane – her vil det vera arbeidsplassar og er det store muligheiter for kreative folk, seier Audun Lysbakken (SV).

– Næringslivet må med

Administrerande direktør i Abelia, Paul Chaffey, ser positivt på at regjeringa ønskjer meir kunnskap og innovasjon i omsorg. Men:

– Dei gløymer at innovasjon vil skje i eit samspel mellom offentlege aktørar og privat næringsliv. Ansvaret for å gjennomføra strategien framstår som fragmentert og blir overlatt til Helsedirektoratet, InnoMed, regionale aktører og kommunane, seier Chaffey.

– Teknologien er allerede tilgjengjeleg. Utfordringa er at kommunane framleis har for liten kjennskap til muligheitene, avgrensa kompetanse på innovasjon gjennom offentlege anbod og kortsynte budsjett som hindrar investeringar på lang sikt, seier Chaffey.

Les om:

Offentlig Sektor