Vil ha dronar i politiet

Skal ubemanna luftfartøy verna oss frå kriminalitet? Ja, meiner Framstegspartiet. Politiet sjølv held korta tett til brystet.

Publisert Sist oppdatert

Politiet følgjer den teknologiske utviklinga innan dronar, men held korta ennå tett inn til brystet i møte med spørsmål om og korleis dei vil bruka dronar.

Dronar kan brukast til mykje meir enn å jaga terroristar i Afghanistan. Dei fjernstyrte, ubemanna farkostane kan komma godt med i norsk beredskap dei neste åra, blant anna med å få rask oversikt over ein naudsituasjon eller leita etter sakna.

«Teknologien anses nå til å være på et nivå som tilsier at politiet bør vurdere dette som et verktøy,» skriv Politiets data- og materiellteneste i eit brev til Politidirektoratet den 19. februar i år. Den medfølgjande foranalysen, som Computerworld ikkje har fått tilgang til, anbefalar å nedsetja ei arbeidsgruppe med mandat til å vurdera om og korleis Politiet kan bruka dronar. Eit offisielt, eintydig standpunkt i saka er med andre ord utafor rekkevidde.

Politidirektoratet svarer generelt på spørsmål om politiet kjem til å bruka dronar i framtida.

– Den teknologiske utviklinga kan gjera det muleg for politiet nye muligheiter for å utnytta ressursar og løysa oppdrag meir effektivt. Me har førebels ikkje tatt stilling til bruk av dronar, men det er eitt av fleire nye teknologiske felt me truleg vil vurdera nærmare i tida som kjem, seier Rune Andersen i Beredskapsavdelingen i Politidirektoratet.

– Som faginstans følgjer me utviklinga innan dronar tett. Me har gitt eit innspel til Politidirektoratet, som må ta avgjerda. Innspela er unntatt det offentleg på grunn av at det er eit internt skriv der me lanserer nokre tankar og fortel kva stoda er.

Det seier Espen Strai, kommunikasjonssjef i Politiets data- og materielltenester (PDMT), som gir råd til politiet om blant anna bruk av teknologi.

Frp applauderer dronar

– Dronar er eit effektivt hjelpemiddel for politi og Forsvaret, så lenge dei er brukte utifrå mistanke og bekymringsmeldingar om ulovlege forhold, seier leiar i Justiskomiteen, Per Sandberg (Frp), til Computerworld.

I kidnappingssaker og såkalla skarpe oppdrag, meiner Sandberg at dronene kan løysa oppdraga. Men står ikkje personvernet i vegen for ei drone med kamera på veg mot målet? Nei, meiner Sandberg, og viser til eksisterande overvaking med kamera eller bomstasjonar.

– Det kan iallfall ikkje bli verre enn annan overvaking. Dronane avgrensar seg i stor grad til det aktuelle oppdraget. Det er større grunn til å uroa seg for utviklinga i den private marknaden, seier Sandberg.

Kva er dronar?

Ei drone er eit samleomgrep på ubemanna, fjernstyrt luftfartøy som kan utstyrast med mange forskjellige typar sensorar, som avanserte kamera, lytte-, lukte-, og måleverktøy, eller sensorar som kan gjenkjenna andlet.

Dronane varierer i storleik – med vingespenn som eit fly eller ein spurv.

Internasjonalt går utviklinga innan droner svært raskt. Også det norske selskapet Prox Dynamics har førebels utvikla dronar for militært bruk, men ein sivil versjon er snart ferdig utvikla.

Bruksområde for sivile dronar i USA omfattar søk og redning, skogbrann, grensekontroll og forsking. Minst 13 politiavdelingar i USA bruker nå dronar.

Døme på bruk i Noreg: Landmåling, flyfoto, miljøovervaking av nordområda.

Kjelde: Teknologirådet