Vil ha fiber i breibandutbyggjinga

Vil ha fiber i breibandutbyggjinga

Regjeringa sine planar for nasjonal utbyggjing av nettet saknar stor nok kapasitet for framtidig verdiskaping, ifølgje Terje Breivik i Venstre.

– Ambisjonane for utbygginga av nettet er for låge. Dersom ein verkeleg skal kunna ta ut potensialet i it-bransjen, trengst eit nasjonalt sentralnett i fiber. Skal norsk it-næring ta i bruk skyteknologi, er det avhengig av kapasiteten ut til resten av verda.

Via Sverige

Det seier nestleiar i Venstre, Terje Breivik, som saknar skikkeleg skikkeleg infrastruktur for fiber og infrastruktur for auka datatrafikk inn og ut av landet, i stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge», som regjeringa la fram fredag. Kombinasjonen superkapasitet og fornybar energi ut av landet, trur Breivik kan vera eit stort fortrinn for Noreg.

I dag går norske fiberkablar ut av landet via Sverige.

– Det er ikkje så mange kilometer som manglar før landets fibernett kan knyttast saman. Det manglar 150 kilometer. Her må styresmaktene gå saman med utbyggjarane av dei lokale fibernetta, seier Breivik.

Rett retning

Regjeringa ønskjer at heile befolkninga skal få breiband med kapasitet tilsvarande 2 eller 4 megabit per sekund (30 Mbt/s). 2/3 av norske husstandar kan få 30 Mbt/s dersom stortingsmeldinga blir vedtatt.

– Stortingsmeldinga er eit steg i rett retning. Men dei neste åra snakkar du ikkje om 2 eller 4 megabit, men 100 eller 200, seier Breivik.

– Dei som har greie på det, meiner at satellitt nå er eit ok tilbud, at det er bra nok kvalitet, sa fornyingsminister Rigmor Aasrud under pressekonferansen fredag.

– 2 og 4 megabit er ikkje mykje, vil nokon seia. Nei, og heldigvis er det slik at dei langt fleste kan få raskare tempo, sa ho, og viste til høve for 30 Mbt/s for mange nordmenn.

– For dårleg

Men Høgre er samd med Venstre i at kapasiteten er for dårleg.

– Målsettinga er altfor dårleg. Sverige har 100 megabit. Dersom me skal få til verdiskaping på it-sida i Noreg, må me ha fiber. Utviklinga kjem til å gå så fort. Intensjonen er bra, men regjeringa skulle tatt i litt meir, seier it-talsmann i Høgre, Lars Myraune.

FAKTA: «Digital agenda for Norge»

  • Fredag la fornyingsminister Rigmor Aasrud fram stortingsmeldinga «Digital agenda for Norge».
  • Stortingsmeldinga er inspirert av EU sin digitale agenda for Europa.
  • Ifølgje ei nederlandsk studie kan 50 prosent av produktivitetsveksten i EU tilskrivast bruk av it og internett.
  • Regjeringa vil at heile befolkninga skal få minimum 2 megabit per sekund. 2/3 av norske husstandar kan få 30 Mbt/s dersom stortingsmeldinga blir vedtatt.
  • Planane for nasjonal breibandutbyggjing er ikkje framsynte nok for framtidig verdiskaping, ifølgje Venstre.

Les om: