Ta Bitcoin på alvor!

Ta Bitcoin på alvor!

Computerworld har i overraskande liten grad interessert seg for Bitcoin og blokk-kjedeteknologien bak. Bortsett frå enkelte sensasjons­prega oppslag har det vore lite skrive om fenomenet. Det er på høg tid å ta den banebrytande teknologien på alvor. Eg følgjer difor opp lesarinnlegget frå Matthias Peter, Cognizant Norway, i CW 2/2016 der han peiker på ein del av potensialet i finanssektoren.

Ulikt mange andre motebegrep med varierande substans, er Bitcoin basert på handfast og nyskapande teknologi. Det store gjennombrotet Bitcoin representerer, er kort fortalt bevis av eigarskap utan bruk av tredjepart. Det er eigarskap i vid forstand, ikkje berre valuta/pengar,  som har fått mest merksemd.

Norge er dessverre seint ute igjen når viktige teknologitrendar, for ikkje å seia teknologi-paradigme, veks fram. Der er eit paradoks når me tenkjer på kor raske nordmenn elles er med å ta i bruk ny teknologi. Innan bank og finans står me i fare for å gå i «Nokia-fella»: me har jo verdas beste og mest effektive betalingssystem, kvifor skal me då bry oss?

Bitcoin og blokk-kjedeteknologien har potensial til å endra mykje på langt fleire område enn bank og finans. Bruksområda er mange, både i næringsliv og i offentleg sektor. Kva form og kva namn dette får, er framleis uklart, men at Bitcoin og blokk-kjedeteknologi har komme for å bli, og også komme for å røska opp i gamle, stivna system, er ganske sikkert.

Det viktigaste er likevel at Bitcoin er ein open plattform for vilkårslaus (permissionless) innovasjon, akkurat som Internett i seg sjølv. Kven som helst kan ta utgangspunkt i programkoden og utvikla nye løysingar. Og mange gjer nettopp det; det skjer veldig mykje spennande utvikling med utgangspunkt i Bitcoin-infrastrukturen.

Avslutningsvis vil eg peika på eit eksempel på bruk av Bitcoin henta frå offentleg sektor, for å visa det vide bruksområdet teknologien har. Hausten 2015 følgde eg MOOC-kurset Digital Currencies frå universitetet i Nicosia og nyleg fekk eg vitnemål for gjennomført og bestått kurs. Det spesielle er at kursbeviset ligg lagra på Bitcoin-blokkjeda, i form av eit «fingeravtrykk» (ein hash av dokumentet). På den måten kan mottakarar av CV-en min enkelt sjekka at kursbeviset er ekte og at eg ikkje har endra på noko i etterkant. Det er lett å tenkja seg verifisering av dokument av mange typar på bakgrunn av eksempelet.

Les om: