Troll kan temjast

Fornyingsminister Heidi Grande Røys skriver fast kommentar for Computerworld fremover.

Publisert Sist oppdatert

Bruk av nettet eksploderte på midten av 90-talet, og stadig nye typar innhald vart gjort tilgjengeleg: tekstdokument, bilete, lyd og video. Offentleg innhald og tenester har òg i stor skala kome på nett, og har medvirka til fornyinga av offentleg sektor dei siste åra. Tidleg vart det klart at ein måtte ha felles format på tvers av nettlesarane. Dette var ikkje berre enkelt, mange av formata var eigd av leverandørar. Mykje av innhaldet på nettet var knytt til programvare frå enkeltleverandørar. Programvare som kosta, utan at det fanst konkurrerande produkt, og som berre verka på einskilde plattformer. Leverandørane hadde nok gode grunnar til å gjere slik, men dei oppførde seg som troll mot brukarane.

Lik tilgang på offentleg informasjon er viktig i eit demokrati. Difor trengst det samordning og programvarepolitikk. Regjeringa vil at ikt-utvikling i det offentlege skal skje gjennom bruk av opne standardar. Som innbyggjar skal du kunne forvente lik handsaming frå styresmaktene, uavhengig av kva programvareplattform du har valt. Til dømes er det mange som brukar Mac eller Linux. Da er det rett og slett ikkje greitt om nettvideosendingar frå styresmaktene berre kan sjåast på ei maskin med Windows.

Etablerte og opne standardar fremjar konkurranse og nyskaping fordi det opnar for at fleire kan lage dei løysingane som vert etterspurde. Vi ser òg at standardar eigd av leverandørar kan hindre utvikling og bruk av fri programvare. Å velje opne standardar er ikkje det same som at eg er imot at innovatørar og dyktige selskap tek seg betalt for programvara si. Men eg forventar at ikt-bransjen vel å tene pengar på å lage gode løysingar rundt formatstandardane, ikkje ved å låse brukaren til eit lukka format.

Standardane har gjort ikt til politikk. Då eg for litt over eitt år sidan la fram fyrste versjonen av referansekatalogen for ikt-standardar i offentleg sektor, fekk vi eit ordskifte og engasjement som gjekk langt ut over fagpressa og -miljøa. Nyleg vart vedtaket sette i verk. Frå 1. januar i år er det obligatorisk for statlege verksemder å nytte dei opne standardane HTML, PDF eller ODF ved publisering av dokument på offentlege nettstader. Som innbyggjar skal ein sjølv kunne velje kva programvare ein nyttar til å lese offentleg informasjon.

Eg fekk nyleg overlevert nye forslag til it-standardar av Standardiseringsrådet. Blant forslaga er obligatoriske standardar for multimedia på offentlege nettsider. Standardiseringsrådet har vore modig. For lyd og video er det foreslått standardar som er heilt frie for patentar og royalties, men samstundes mindre utbreidde enn konkurrerande format førebels: OGG Vorbis og OGG Theora. Forslaget skal på brei høyring før regjeringa tek ei avgjerd, men signalet frå Standardiseringsrådet er klart: Offentleg sektor skal nytte opne standardar, frie for patent.

Ein sentral del av fornyingspolitikken har vore ein meir heilskapleg offentleg sektor. Fastsetjing av standardar som legg til rette for e-forvaltning er eit kraftig verkemiddel for å få dette til. Men standardar åleine er berre eitt av verkemidla for samordning. Vi treng òg ein politikk for openheit, fleksibilitet og medverknad. Det kjem meir her òg!

Heidi Grande Røys