Trass i ei lang historie har ikkje profesjonell e-handel fått den utbreiinga som dei fleste hadde venta seg for 10-20 år sidan, skriver Ronny Rognhaugen

Profesjonell e-faktura i Noreg

Det er interessant at e-faktura etter 15 år berre utgjer 35 prosent av volumet.

Publisert Sist oppdatert

I Noreg sendast det kvart år nær 500 millionar fakturaer til privatpersonar, næringsliv og det offentlege. I denne samanheng er ikkje forbrukarmarknaden så interessant sidan automatiseringsgraden med Autogiro og e-faktura i nettbank allereie er 90 prosent. Dessutan er det ikkje same krav til datautveksling som for profesjonelle organisasjonar. Jamvel er det interessant at e-faktura etter 15 år berre utgjer 35 prosent av volumet.

Elektronisk datautveksling for handelstransaksjonar har historie attende til 1970-talet. I starten var det amerikansk transport- og bilindustri som viste størst interesse. Seinare vart EDIFACT utvikla av FN og godkjent som internasjonal standard i 1987. TVINN for tolldeklarasjon (1988) og DEDIP for daglegvare (1995) er norske løysingar tufta på EDIFACT. Bankane med BBS i spissen freista fleire gongar på slutten av 1990-talet å få til ein infrastruktur for profesjonell e-handel, men det vart ikkje noko ut av dette før nokre private verksemder skipa e2b-forum i 2003. Norske EHF er pilotprosjektet for det europeiske PEPPOL-initiativet frå 2008 som skal innførast i heile EØS innan 2018. Formålet er effektivisering og digitalisering av offentleg sektor, men infrastrukturen kan òg nyttast mellom private verksemder. Modellen er tufta på eit ope nettverk kor kvar organisasjon vel sitt aksesspunkt uavhengig av kundar, leverandørar og system. I tillegg til faktura omfattar standarden tilbod, ordre, stadfesting og pakksetel, men desse er førebels lite brukt.

Trass i ei lang historie har ikkje profesjonell e-handel fått den utbreiinga som dei fleste hadde venta seg for 10-20 år sidan. Staten oppnådde 44 prosent EHF faktura for 2014 og har no truleg passert 50 prosent, tre år etter sitt krav frå 1. juli 2012. Det finst ikkje offisielle tal for kommunar og næringsliv, men det er truleg godt under staten sine tal. Difi melde at i 2014 passerte næringslivet det offentlege i motteke EHF fakturavolum. Dette er ikkje unaturleg sidan dei står for minst 80 prosent av den profesjonelle marknaden. SSB har ein statistikk «Bruk av IKT i næringslivet» som syner at utbreiinga av EDI faktura har stege markert dei to siste åra; 47 prosent mottok og 30 prosent sende minst ein i 2014. For ordre er derimot utviklinga ganske flat dei siste fem åra:

EDI-bruken er proporsjonal med storleiken på verksmeda, og han varierer òg ein del frå næring til næring. Dei fleste større organisasjonar har sentralisert sitt fakturamottak og brukar system for innlesing og tolking av manuelle fakturaer. Transporten skjer ofte med e-post slik at leverandør sparar papir, porto og ikkje minst tid. Sjølv om faktura på e-post er enkelt for avsendar er transporten usikker og førar til dobbelt så mange purringar som med brevpost.

Dei mest nøkterne aktørane som Difi og Visma kalkulerer med ei potensiell inntening på 70-80 kr. pr. EHF faktura for innkjøpsorganisasjonen, men det som kan dokumenterast er i gjennomsnitt berre 10 kr. Den store vinninga oppnår ein fyrst når e-faktura og e-handel er innarbeidd av alle, slik at ein unngår fleire parallelle mottakssystem. Friviljug tilnærming til e-handel høyrast fint ut, men har synt seg lite realistisk så lenge den einskilde har lite å vinna. Det alvorlegaste er at ansvaret for innføringa er delegert til den einskilde organisasjon, som kvar for seg må ta opp kampen med sine kundar og leverandørar. Resultat er ein lite samkøyrd dugnad med usikkert utfall. Store aktørar som t.d. SAP har framleis ikkje eit standard grensesnitt mot EHF og dette er ei stor hindring for mange brukarorganisasjonar. Ei anna utfordring er dei lukka 1:1-nettverka, særleg innan varehandelen. Sjølv om EHF på kort sikt ikkje kan erstatte DEDIP, vil deling av eit felles nettverk gje høve til utvikling av formatet slik at ein unngår innlåsing og dermed får betre konkurranse.

Kalkulering av milliardar i årlege, framtidige innsparingar vert fort ei hypotetisk øving, men ein velfungerande infrastruktur inkludert e-handel vil vere ein viktig føresetnad for vår konkurranseevne. Tvang i form av lovheimel må sjølvsagt berre nyttast om ein er overtydd om at EHF og PEPPOL er svaret, men konsekvensen av det motsette er styrt avvikling. Prosjektet er sjøsatt og har vist seg flytedyktig. Vidare kurs og framdrift føresett politisk mot og handlekraft.

Ronny Rognhaugen

Forskinga: Masteroppgåve «Profesjonell e-handel i Noreg» ved Institutt for informatikk, UiO. Godkjend 19. juni 2015. http://urn.nb.no/URN:NBN:no-49124