REGJERINGEN: Arbeidet med en ny digitaliseringsstrategi har startet. Det arbeidet handler om hvordan morgendagens samfunn skal fungere, påpeker artikkelforfatteren. (Foto: Istock)

Digitalisering handlar om kva samfunn vi skal skape

Det neste året skal regjeringa lage ein ny digitaliseringsstrategi for Noreg. Den må svare på korleis du og eg skal få ein enklare kvardag – og sikre at digitaliseringa reduserer kostnadar og skapar verdiar for samfunnet.

Publisert

På Digitaliseringskonferansen i juni forklarte riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen kvifor digitalisering gjeld oss alle, i ei tid med aukande økonomiske utfordringar:

«Vi er så heldige at stadig fleire av oss opplever å bli eldre. Mykje eldre. Det betyr auka utbetalingar til pensjonar, til helsetenester og til omsorg. Samtidig vil oljeinntektene bli mindre. For å klara denne utfordringa, må me skaffa ca. 5 milliardar kroner ekstra kvart år framover. Det kan vi få til ved å kutte betydeleg i det offentlege tenestetilbodet eller dobla eigenbetalinga. Vi kan auka skattane med omtrent ein firedel. Eller me kan arbeida rundt ein time ekstra kvar dag. Det er ganske få som heiar på slike endringar, naturleg nok. Den gode nyheita er at vi også kan få meir utav kvar krone og auke produktivitet i offentleg verksemd, ikkje minst gjennom ei betydeleg og målretta digitalisering. Problemet er ikkje at vi digitaliserer for mykje, men at vi ikkje utnyttar moglegheitene digitaliseringa gir oss godt nok.»

Digitalisering sparar samfunnet for milliardar – vi har ikkje råd til å la vere

I Noreg har vi mange digitale tenester i verdsklasse. Berre tenk på Skattemeldinga, ID-porten og Altinn. Digital eigedomshandel sparer samfunnet for 13 milliardar over ti år. Og tenk på tid og pengar spart ved at vi kan selje ein bil digitalt, eller få godkjent ein lånesøknad på minutt.

Vi har ikkje råd til å la vere å digitalisere.

Frode Danielsen, Digdir

Samstundes slit ein av fem nordmenn med digitale tenester av ulike grunnar. Vi må mellom anna gjere digital deltaking mogleg for personar som er satt under verjemål, barn, utanlandske borgarar og menneske med svake digitale ferdigheiter. Då treng vi ei ny fullmaktsløysing. Forutan å hjelpe dei mange som hjelper andre, viser vår samfunnsøkonomiske analyse at ei fullmaktsløysing vil spare skattebetalarane for 1,6 milliardar kroner over ti år.

INNSPILL: Frode Danielsen, direktør i Digdir, har tre tydelige råd til regjeringens digitaliseringsstrategi.

Vi har ikkje råd til å la vere å digitalisere. Mange felles digitaliseringsprosjekt sparar samfunnet for 100 kroner for kvar krone vi brukar. Vi må investere for å kunne spare pengar.

Digitaliseringsdirektoratet har tre råd til den nye digitaliseringsstrategien:

Råd 1: Digitaliseringsstrategien må gjelde heile samfunnet

Den nye strategien må beskrive kva me ønskjer å oppnå og korleis Noreg skal vere når vi er i mål med strategien. Digitalisering er ikkje eit mål i seg sjølv, men eit verkemiddel for å løyse viktige utfordringar for samfunnet.

God digitalisering er avgjerande for demokratiet, tryggleiken og for å skape eit berekraftig samfunn – og ikkje minst for å frigjere milliardar til betre omsorg, helse og utdanning. Ved å utvikle og dele løysningar, data og kunnskap, hindrar vi sløsing med knappe ressursar.

Råd 2: Still krav til korleis forvaltninga styrer og samarbeider om digitalisering

Vi veit at Noreg kan få vesentleg meir utav dei titals milliardane vi i staten til saman brukar på digitalisering. Vårt klare råd er å stille krav til meir heilskapleg styring av pengebruken og digitaliseringa i offentleg sektor.

Statlege verksemder, fylkeskommunar og kommunar har mange like utfordringar – men kvar sine løysingar. Kvifor tillèt vi det, når vi veit at felles løysingar både er betre for alle og sparer samfunnet for milliardar, ofte ti eller hundre gonger meir enn vi investerer?

Erfaringa vår – og Riksrevisoren si klare melding – viser at vi må stille langt tøffare krav til samarbeid mellom alle nivå av forvaltninga, og på tvers av offentleg og privat sektor. Det må den nye digitaliseringsstrategien svare på.

Råd 3: Vi må utnytte potensialet i EU sin digitaliseringspolitikk 

EU har ein svært ambisiøs digitaliseringspolitikk som Noreg kan hauste stor nytte av. Programmet Digital Europe er på over 80 milliardar kroner. Noreg bidreg med ca. 2 milliardar. Satsinga i EU kan hjelpe oss å ta store steg framover. Noreg kan dra langt større nytte av den store satsinga i EU på infrastruktur, forsking og utvikling, testing og bruk av ny teknologi og andre felles initiativ

Vi skal skape ei betre framtid – saman og for alle

Den eksisterande digitaliseringsstrategien heiter «Éin digital offentleg sektor». Den nye vil handle om heile samfunnet – og korleis vi skal bruke digitalisering til å sikre velferdsstaten og skape eit betre Noreg, saman og for alle. Den strategien treng vi.